Hopp til innhold
X
Innhald

Jølster Kommunale Automobilselskap

Denne bilen kjøpte Jølster Kommunale Automobilselskap i 1919. Sjåfør er Andreas O. Årdalsbakke. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening.

Denne bilen kjøpte Jølster Kommunale Automobilselskap i 1919. Sjåfør er Andreas O. Årdalsbakke. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening.

Sjølv om dei første bilane vart møtt med stor skepsis, så gjekk det ikkje lenge før jølstringane såg kva føremoner dette nye køyretyet kunne ha for ein innlandskommune som hadde lang transportveg til og frå dampskipskaia i Førde: Alt i 1918 skipa jølstringane sitt eige rutebilselskap.

Fjordenes Automobilselskap var dei første åra eit reint turbilselskap som berre frakta turistar i sommarsesongen. (Sjå Kampen om turistane). Dette hadde den vanlege jølstring lita nytte av. Jølstringane hadde først og fremst trong for ein bil som kunne frakte varer til og frå dampskipskaia på Steinen i Førde.

Skulle drive varetransport

Alt i 1912 drøfta jølstringane skiping av eit eige rutebilselskap som skulle drive varetransport på strekninga Vadheim-Sandane. Dei tenkte seg eit selskap som skulle heite Sønd- og Nordfjord Automobilselskap. Fjordenes Automobilselskap såg fåren for konkurranse, og baud seg til å skaffe jølstringane to lastebilar til slike ruter.

Jølstringane med eigne planar

Men jølstringane var alt godt i gang med eigne planar, baud nabokommunane å teikne aksjar i Sønd- og Nordfjord Automobilselskap, men fekk liten respons. Fylkesmannen la seg bort i striden, og det enda i første omgang med at Fjordenes Automobilselskap skulle syte for varetransporten til Jølster. Men rutene hadde liten kapasitet, og jølstringane var svært misnøgde med tilbodet.

Greip sjansen

Då staten i 1918 lova støtte til lokale vareruter, nytta difor jølstringane høvet til å skipe sitt eige kommunale bilselskap. Jølster Kommunale Automobilselskap vart skipa i 1919.

Avslag

Men fylkesmann Ingolf Christensen ivra sterkt for store, interkommunale ruteselskap, og avslo søknaden frå Jølster om rutekonsesjon. Fylkesmannen let også vere å sende jølstringane sin søknad om statsstøtte vidare.

Nils Olsson Øvrebø.

Nils Olsson Øvrebø.

Jølstringane irriterte seg sterkt over dette, og gjennom ein utvandra jølstring i Oslo fekk dei på eiga hand lagt saka fram for arbeidsminister Olsen-Nalum. Då han høyrde at jølstringane alt hadde kjøpt bil, og at det dreia seg om ei rein lokal varerute til eiga kommune, gav han konsesjon, og overprøvde såleis den mektige fylkesmann Christensen. Lastebilen, av merket Republik og med 2,5 tonns lasteevne, hadde første ruta 22. juli 1919.

Kortvarig billag

Det kommunale billaget vart eit kortvarig mellomspel. Påskunda av fylkesmann Christensen vart det lagt fram ein stor transportplan for heile fylket i 1919. Her gjekk ein sterkt inn for større, offentleg eigde ruteselskap. Dei to «innlandskommunane» Jølster og Gaular, som kvar for seg hadde stort behov for lastebilruter ned til fjorden, vart med i skipinga av Firda Billag i 1920.

Frå og med 1920 har Firda Billag trafikkert vegane i Jølster. Dette biletet er frå 1950, S-1929 er på veg mot Skei. På den tida var vegen langs Jølstravatnet ein god del meir svingete enn i dag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Frå og med 1920 har Firda Billag trafikkert vegane i Jølster. Dette biletet er frå 1950, S-1929 er på veg mot Skei. På den tida var vegen langs Jølstravatnet ein god del meir svingete enn i dag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Jølster Kommunale Automobilselskap vart lagt ned, og lastebilane overtekne av Firda Billag. Jølstra-lensmannen Nils Olsson Øvrebø, som hadde vore forretningsførar for det kommunale billaget, vart formann i representantskapen i Firda Billag, og den tidlegare styreformannen i Jølster Kommunale Automobilselskap, Ludvig D. Klakegg, fekk formannsklubba i styret.

Skysstasjon på Skei

På Skei vart det i 1994 bygd stor skysstasjon for korrespondanse og omstiging mellom dei mange ekspressbussane som trafikkerer gjennom fylket.

Skysstasjonen på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skysstasjonen på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2010