Hopp til innhold
X
Innhald

Jølster Musikklag mellom dei beste i landet

Jølster Musikklag under NM for brassband i 2009.

Jølster Musikklag under NM for brassband i 2009.

Eikås og Vassenden Musikklag vart skipa i 1953 etter opptak frå Birger Nordberg. Laget fekk 16 medlemer frå starten, og Oskar Schei frå Førde vart første dirigent.

I 1970 bytte musikklaget namn til Jølster Musikklag. Frå midten av 1980-talet fekk Jølster Musikklag god rekruttering av ungdom som tidlegare hadde spela i skulemusikken i heimekommunen.

Gunnar Smaadal var dirigent i laget frå 1972 til 2003, og under hans leiing har Jølster Musikklag utvikla seg til eit elitelag innan brassorkestra i Noreg. Musikklaget har vunne ei mengd prisar og rekrutterer medlemer frå både Gloppen, Førde, Flora, Gaular, Fjaler, Fjærland og Høyanger. Laget har også medlemer frå Bergen og Os.

Sidan 1990 har laget delteke mest årvisst i NM som dei vann i 1993. I 2009 kom dei på fjerdeplass. I Sogn og Fjordane-meisterskapen har Jølster Musikklag gått til topps kvar gong dei har delteke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2010