Jølster Skisenter

Jølster Skisenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Jølster Skisenter i Bjørkelia ved Vassenden vart bygd 1986 av alpingruppa i Jølster Idrettslag.
Alpinanlegget fekk først ein alpinbakke på ein km, skiheis, lys og snøproduksjonsanlegg.
Anlegget vart av skikrinsen peika ut som hovudanlegg for alpint i Sunnfjord og vart i 2005 utvida for 12 millionar kroner til i alt fire heisar og til saman fire kilometer alpinløyper.
Like ved er det bygt fem kilometers lysløype for langrenn og to mindre hoppbakkar, og anlegget har kafé og grillstove.

Utsyn over Vassenden og Jølstravatnet frå alpinbakken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2010