Hopp til innhold
X
Innhald

Jølster Sparebank

Bankbygningen som vart reist i Årdal i 1912. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bankbygningen som vart reist i Årdal i 1912. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølster Sparebank vart grunnlagd i 1900 og opna i 1901. Dei første åra heldt banken til i ei stove i Instetunet i Årdal. Sparebanken flytta i 1912 inn i ein stor trebygning i Årdal, og heldt til der til 1997. I lang tid vart delar av bankbygget i Årdal leigd ut til kommunale kontor og møtelokale. Dette bygget står framleis i si opphavelege form.

Sparebanken hadde dessutan faste kontordagar på Skei og Vassenden. På Vassenden leigde banken lokale i tilbygget til hotellet fram til den fekk eige bygg på nedsida av europavegen i 1976. I dette bygget var det også plass m.a. til tannlegekontor.

Sparebankfilialen på Vassenden i den nærmaste bygningen, til høgre Coop. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebankfilialen på Vassenden i den nærmaste bygningen, til høgre Coop. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Skei leigde sparebanken lokale i Klakeg si forretning Krambua frå 1981 til 1991, då banken flytta inn i forretningsbygget til Alf Helgheim. Etter å ha leigd lokale nokre år overtok banken bygningen, medan Alf Helgheim leigde lokale til butikken sin av banken. I dette bygget var det elles plass til både bibliotek og turistinformasjon. Bygget på Skei vart i 2007 kjøpt av forretningsmannen Ivar Helgheim.

Sparebanken hadde filial i det gamle bankbygget i Årdal fram til 1997.

I 1973 gjekk Jølster Sparebank inn i den nyskipa eininga Sunnfjord Sparebank saman med Askvoll, Førde og Vevring – frå 1988 Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2010