Hopp til innhold
X
Innhald

Jølstraauren

Det er mange som prøver fiskelukka i Jølstravatnet. Desse to har satsa på elveosen på Lunde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er mange som prøver fiskelukka i Jølstravatnet. Desse to har satsa på elveosen på Lunde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølstravatnet er eitt av Noregs beste fiskevatn. Frå gamal tid har det vore drive næringsfiske etter aure i vatnet. Fisketidene i vatnet og bruken av reiskap er strengt regulert. I samband med garnfiske om hausten vert store mengde jølstraaure lagt ned som rakaure, og seld til heile landet. Kjende fiskemottakarar er Jørgen Helgheim og Ivar Sægrov.

I 2010 var det att berre eitt fiskemottak i Jølster - Jølsterlia, drive av Finn Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.09.2010