Hopp til innhold
X
Innhald

Jølstraholmen Camping

Jølstraholmen Senter med campingdelen til venstre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølstraholmen Senter med campingdelen til venstre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølstraholmen Camping vart grunnlagt i 1963 av Engel og Leiv Hjelmbrekke. I 1976 overtok sonen Egil Hjelmbrekke og ektemaken Eli. Dei har sidan 1985 bygd ut eit stort servicesenter med daglegvarehandel, bensinstasjon og kro under firmanamnet Jølstraholmen Senter A/S.

Campingplassen har 12 store og ni mindre hytter. I 1991 vart drifta av campingplassen og forretningane ved riksvegen delt i to selskap.

I 1998 overtok sonen til Egil og Eli, Eirik Hjelmbrekke, drifta av daglegvarebutikken, kroa og bensinstasjonen, og sidan 2003 har bensinstasjonen vorte skild ut som eige selskap leigd ut til andre. I 2013 tok dottera til Eli og Egil, Kristine Hjelmbrekke, over campingplassen saman med sambuaren Tore Karlsen.

Seinare same året tok dei tilbake drifta av bensinstasjonen. Samstundes braut dei eit 27 år langt samarbeid med Statoil og gjekk inn i Best-kjeda (sjå Centrum Bensin AS under Førde kommune). Aktiviteten på Jølstraholmen sysselset kring 15 årsverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2013