Hopp til innhold
X
Innhald

Jølstramuseet

Jølstramuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jølstramuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jølstramuseet på Vassenden er eit privat museum med 13 eldre bygningar, samla frå ulike grender i Jølster av lærar Eivind Fossheim, Hønefoss (1892-1982).

Fleire av husa er frå tidleg 1600-tal: Grindastova 1631, ei bu frå Strand 1611, Strand-stova 1682, og eit eldhus frå prestegarden på Ålhus skriv seg truleg frå same hundreår. Årdalsstova og ei stove frå Årset skriv seg frå 1800-talet. Museet har elles ei samling på over 3000 gjenstandar, av dette ei unik samling gamle tekstilar som m.a. har vore brukte som mønster ved rekonstruksjon av bunader.

I Jølstramuseet finst også ei stor samling av treskjeraren Johannes Fossheim sine arbeid.

Jølstramuseet vert idag drive av Eivind Fossheim d.y.. Her er omvising og kunstgalleri om sommaren. Faste utstillarar er Ludvig Eikaas og Oddvar Torsheim. Museet er også ramme kring den populære «Jølstranatt» under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Les meir under: Gamle hus i Jølster

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.12.2010