Jølstringane var sjølveigarar

I dag er bøndene i Jølster sjølveigande, som her på Høyvik i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Så godt som alle gardar i Jølster høyrde på 1600-talet under Svanøy-godset.
Men då godseigar Severin (Seehusen) de Svanenhielm gjekk konkurs i 1724, nytta dei fleste leiglendingane i Jølster høvet til å kjøpe seg fri og vart sjølveigande bønder. Resten av frikjøpa på Jølster-bruka skjedde utover 1700-talet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.12.2010