Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Chr. Brynildsen

Jon Chr. Brynildsen fødd 1946 frå Oslo. Skipsreiar og investor, som sidan 1989 har bygd opp ei unik samling måleri og grafikk av Nikolai Astrup, godt hjelpt av Astrup-kjennaren Øystein Loge.

I 1989 selde Brynildsen ein stor flåte med kjøleskip, og eindel av kapitalen nytta han til å byggje opp Astrup-samlinga. Samlinga inneheld fleire hovudverk, som «Revebjeller», kjende variantar av «Jonsokbål», «Gamalt Jølstratun», «Kvennagong», «Soleinatt», «Vaarmorgen/Seljekall», «Maimåne», «Fugl på sten» o.s.b.

Samlinga vart vist første gong offentleg i 1994, og har m.a. vorte vist på Jølster, der den vart stilt ut i Astrup-tunet og Eikaas-galleriet.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2008