Hopp til innhold
X
Innhald

Kampen om turistane

Eigaren av Skei Hotel var først mot biltrafikk, men seinare vart han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Privat foto, eigar Skei Hotel.

Eigaren av Skei Hotel var først mot biltrafikk, men seinare vart han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Privat foto, eigar Skei Hotel.

Vegen gjennom Våtedalen i 1889 vart eit tideskifte for innlandskommunen Jølster. Ruta Vadheim-Sandane vart ei av dei mest attraktive turistrutene på Vestlandet.

På kort tid grodde det opp tett med turisthotell langs ruta. Dei daglege skyssetappane med hest var relativt korte, og dette gav levekår for hotell både på Sande i Gaular, Førde, Vassenden, Egge, Byrkjelo og Re i Breim.

Ekstrainntekter

I sommarsesongen fekk bøndene gode ekstrainntekter som skysskarar for turistane med hest og karjol. Det var ikkje rart at dei såg automobilen som eit trugsmål for næringsgrunnlaget då den gjorde sitt inntog kring 1910. Det same gjorde dei fleste hotelleigarar på strekninga mellom Vadheim og Sandane. Dei såg føre seg at turistane berre ville stige iland frå fylkesbåten i Vadheim og rett inn på automobilen, som utan stopp kunne køyre turistane direkte til Sandane.

Protesterte mot bilane

I 1911 allierte vognmenn og hotelleigarar seg i eit protestkriv mot biltrafikk på strekninga Vadheim - Sandane.

På den andre fløyen ivra hotelleigar C.A. Ryg ved Hotel Gloppen på Sandane og hotelleigarar i Indre Nordfjord for å få i stand bilruta. I 1910 sende dei første søknaden, og i 1912 køyrde ein innleigd hotellbil frå Karl Mjelva i Geiranger den første prøveturen Sandane-Vadheim. I desember 1912 var Fjordenes Automobilselskap eit faktum. Hotelleigar Tollef Skrede ved Skei Hotell var først imot bilen, men hadde tydeleg vorte omvend, for no kom han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Selskapet vart grunnstammen i det som seinare vart Firda Billag, skipa i 1920.

Reint turbilselskap

A/S Fjordenes Automobilselskap var dei første åra eit reint turbilselskap som berre frakta turistar i sommarsesongen. Dette hadde den vanlege jølstring lita nytte av. Jølstringane hadde først og fremst trong for ein bil som kunne frakte varer til og frå dampskipskaia på Steinen i Førde.

Les også om Jølster Kommunale Automobilselskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2012