Hopp til innhold
X
Innhald

Karen Helga Maurstig

Karen Helga Maurstig fødd 1959 i Nederland, biletkunstnar, busett på Vassenden.

Karen Helga Maurstig fødd 1959 i Nederland, biletkunstnar, busett på Vassenden.

Ho er utdanna ved kunstakademiet i Rotterdam og i grafikk ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole.

Ho har delteke i fleire kollektivutstillingar, m.a. Østlandsutstilingen og Distriktsutstillinga og landsdelsutstillinga «Svingninger». Separatutstillingar m.a. på Kulturbåten i Sogn og Fjordane og ved Buskerud Kunstnersenter. Innkjøpt av Hauglandssenteret og Sunnfjord Kunstlag.

I 2012 vart ho vald ut til å delta på utstillingar i New York og Seattle i USA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.02.2012