Hopp til innhold
X
Innhald

Kari Støfringsdal

Kari Støfringsdal. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kari Støfringsdal. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kari Støfringsdal fødd 1947 i Jølster, busett på Vassenden. Bondekone, husstellærar og kokebokforfattar.

Gav i 1999 ut kokeboka «Fjordamat» og i 2002 «Alle tiders Fjordamat» (begge Selja Forlag) saman med Åse Kongsvik frå Leikanger. I 2005 medforfattar av boka «Ta kaka» (Selja forlag AS). Har vore leiar i bondekvinnelaget i Jølster, hatt sentrale verv i Norges Bygdekvinnelag, vore medlem av kommunestyret og varaordførar, vald frå Senterpartiet, frå 2003.

I 2014 vart ho tildelt Fylkeskulturprisen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015