Katinkha Lind

Katinkha Lind (1845-1943) var lensmannsfrue på Ålhus. Ho fekk interesse for og lærde seg dei gamle vevteknikkane i Jølster, og starta vevkurs for kvinner. Vert difor rekna som ein viktig bindelekk til gamal tid for den sterke vevtradisjonen i Jølster kommune.
Heidra med Kongens fortjenstmedalje 1926, og æresmedlemskap i Norges Husflidslag 1934.
Gift med Andreas Lind.
Sjå: Vevtradisjonen i Jølster.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.12.2010