Katrine Sele er ein norsk journalist og sakprosaforfattar. Bøkene hennar er prega av interesse for, og perspektiv på, enkeltmenneske sine liv og lagnader i vår tid.
Katrine Sele
Faktaboks
- Fødd
- 17. august 1972, København, Danmark
Bakgrunn
Katrine Sele er fødd i København i Danmark og voks opp i Edinburgh i Skottland, i Bulawayo i Zimbabwe, i Oslo, i Bærum og i Singapore. Ho har eksamen frå United World College of South East Asia i Singapore (1988) og International Baccalaureate frå Berg videregående skole i Oslo (1991).
Sele har grunnfagseksamen i statsvitskap frå Universitetet i Oslo (1992), bachelorgrad i litteratur frå Brown University i Providence, USA (1995) og journalistutdanning, linja for avisjournalistikk, frå Høgskolen i Oslo (no OsloMet – storbyuniversitetet) (1998).
Frå 1998 til 2013 var Sele tilsett som journalist i Mediehuset Firda, i Førde i Sunnfjord. I 2013 vart Sele tilsett som kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet). Ved sida av å vere journalist og rådgivar har Sele vore frilans forfattar og foredragshaldar sidan 2000.
Forfattarskapen
Sele debuterte som forfattar i 2000, med Månen er så liten som ein katt. Boka er ei samling intervju med 39 barn i alderen 4 til 12 år som snakkar om kva dei er opptekne av. Seinare har ho gitt ut fleire bøker med ulik tematikk. Boka Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (2001) var eit samarbeid med fotografen Oddleiv Apneseth. I 2006 kom Herifrå, igjen med eit utval forteljingar og møte med menneske i Sogn og Fjordane. Også denne boka vart skriven saman med Oddleiv Apneseth. Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen (2013) er ein biografi om komponisten og musikaren Kenneth Sivertsen, medan Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (2017) er eit møte med ni ulike flyktningar som budde ein periode på asylmottak i Jølster.
Bøkene til Sele fortel om møte med, og viser interesse for, enkeltmenneske, enten dei er kunstnarkjendisar, barn eller flyktningar. Som sakprosaforfattar er ho ein synleg og deltakande forteljar i teksten, ei som opplever, spør og undrar seg, samstundes som ho informerer og reflekterer.
I tillegg til eigne bøker er Sele representert med tekstar i fleire antologiar, mellom anna i Trøysteboka (2011), Det fleirspråklege Noreg (2013) og Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord (2014).
Anna engasjement
Sele var sekretær og kasserar i Sogn og Fjordane journalistlag i åra 2003–2008 og var medlem i redaksjonsrådet for tidsskriftet Syn og Segn i ein periode frå 2014.
Utmerkingar
Sele fekk Presseprisen for Sogn og Fjordane i 2000 og i 2005, Sivleprisen i 2007 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012. I 2015 fekk ho pris for beste forskingsartikkel på nettstaden forskning.no, og i 2017 fekk ho Jølster kommune sin kulturpris. I 2020 fekk Sele Samlagsprisen, og i 2021 fekk ho tildelt Språkprisen for bøkene Jølster hotell og Einars bok.
Bibliografi
- Einars bok (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2021)
- Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (Sakprosa, Samlaget, 2017)
- Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2013)
- Herifrå (Essays, Selja, 2006)
- Tvisynt tvilar: eit portrett av Oddvar Torsheim (Sakprosa, Skald forlag, 2001)
- Månen er så liten som ein katt (Intervju med barn) (Selja, 2000)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.