Hopp til innhold
X
Innhald

Kjøsnesbrua

Kjøsnesbrua med Kjøsnes nærast og Sunde på andre sida av brua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjøsnesbrua med Kjøsnes nærast og Sunde på andre sida av brua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1956 vart det skipa ei nemnd som skulle arbeide for ferjesamband frå Sunde til Kjøsnes ved innløpet til Kjøsnesfjorden. Ferjenemnda eksisterte fram til 1958, då ein endra planen til å byggje ei bru og steinfylling over sundet. Men heilt frå 1942 og fram til slutten av 1950-talet køyrde bønder i området stein ut på isen om vintrane for å leggje grunnlaget for ei bru over fjorden. Sjølve arbeidet med brua tok ikkje til før i 1965. Dette sambandet som vart kalla Kjøsnesbrua, vart teke i bruk i 1970.

Offisiell opning etter 41 år

Den første uoffisielle «opninga» av sambandet sto bygdeungdomen for den 14. november 1970: Dei skulle på dans til Skei, men ein buss var sett som sperring på brua. Ungdomen sette ryggen til og skubba bussen til side, slik at «dansefylgjet» kunne sleppe forbi! Offisiell opning av brua vart det ikkje før i 2011, 41 år etter at ho vart teken i bruk. Betre seint enn aldri, var omkvedet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.01.2012