Hopp til innhold
X
Innhald

Knut M. Olsen

Knut M. Olsen. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Knut M. Olsen. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Knut M. Olsen fødd 1954 i Son i Akershus, busett på Myklebust i Jølster. Gardbrukar, bedriftsleiar og politikar. Han var økonomisjef i Harald A. Møller AS (importøren av bilmerka VW og Audi) til 1984, så direktør for Harald A. Møller Skedsmo 1984-1987. Han flytta til Myklebust i 1987 for å ta over garden mora kjem frå.

I Jølster engasjerte han seg i politikken for Senterpartiet. Han var kommunestyremedlem frå 1991 til 1995, fylkestingsmedlem frå 1995 til 2011, leiar i Sogn og Fjordane Senterparti frå 2004 til 2010, vararepresentant til Stortinget frå 2005.

Han vart vald til styreleiar i Vestlandsforsking i 2005, var leiar av Nei til EU i Sogn og Fjordane 1992-1995 og nestleiar i sentralstyret i Nei til EU 1996-1997. I heimbygda var han med på å starte verksemd Myklebust Kunst & Handverk AS, som seinare endra namnet til Jølster Design.

Han har og vore styreleiar i Berge & Co (sjå Forretningsfamilien Berge) og leiar i Jølster Bondelag, og områdeleiar i Heimevernet i Jølster frå 2000 til 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2011