Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Jølster

Ei av oppgåvene til Statens Vegvesen er å gjere vegane sikrare. Her har Kong Harald opna Støylsnestunnelen på den rasfarlege strekninga på riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden. Det er ikkje uvanleg at prominente personar er med på vegopningar, men det er sjeldan at ein konge og to statsrådar er til stades ved opninga av ein tunnel. I midten samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og til høgre kommunalminister Liv Signe Navarsete. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kristian IV

skal på ei Vestlandsferd ha reist gjennom Jølster, utan at dette er verifisert. Etter segna skal han då ha overnatta på Løset-loftet, som no står på Sunnfjord Museum.

Ludvig Eikaas viser Dronning Sonja rundt på Eikaasgalleriet i 1999. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Ludvig Eikaas viser Dronning Sonja rundt på Eikaasgalleriet i 1999. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Kong Olav V

vitja Jølster i 1958 under rundreisa si i samband med 100-årsjubiléet til Fylkesbaatane. Han reiste då med bil Førde-Sandane.

Kong Harald V

vitja som kronprins i 1977 Jølster saman med kronprinsesse Sonja i samband med ei større rundreise i fylket. Den 2. november 2009 opna han Støylsnestunnelen på riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden.

Dronning Sonja

vitja Jølster som kronprinsesse i 1979. Som visepresident i Norges Røde Kors deltok ho på årsmøtet i fylkeskrinsen på Skei i 1988. Dronning Sonja opna Eikaas-galleriet på Ålhus 28. april 1999.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.12.2010