Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Jølster

E39 mellom Ålhus og Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

E39 mellom Ålhus og Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg langs Jølstravatnet

Samanhengande veg langs Jølstravatnet kom i 1859. Det var «Store-Sandalen» Johannes Zakariasson Sandal som tok initiativet og sto for byggjing av denne vegen. I åra fram til 1875 vart fleire smale strekningar på vegen frå Bjørset til Vassenden utbetra. I dag fylgjer E39 i grove trekk den opphavelege vegtraséen.

Ein bil passerer Ålhus i 1934. Foto: J. T. Øvrebø.

Ein bil passerer Ålhus i 1934. Foto: J. T. Øvrebø.

Veg på sørsida

av Jølstravatnet frå Vassenden til Sægrov vart bygd bitvis på 1870-talet. Desse vegane vart utbetra til skikkeleg bilveg i åra 1938–1945.

Vegen mot Åmot i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mot Åmot i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg i Stardalen

Køyreveg frå Klakegg til Vindheim i Stardalen vart bygd frå 1881 og utover, og i 1885 heilt fram til Fonn, som er den inste garden i dalen.

Ny veg gjennom Våtedalen

Då vegen gjennom Våtedalen mellom Jølster og Breim vart bygd i 1889, var det eit svært gamalt vegkrav som vart innfridd.

Frå den tida vegen gjennom Jølster var grusveg. Her blir vegen skrapa. Lastebilen var eigd av Firda Billag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Frå den tida vegen gjennom Jølster var grusveg. Her blir vegen skrapa. Lastebilen var eigd av Firda Billag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

E39 gjennom Jølster

- sjå Veg langs Jølstravatnet øvst på sida og Ny veg gjennom Våtedalen.

Tidlege tunnelplanar under breen

I 1927 søkte Jølster kommune om at det vart bygt vegtunnel under Jostedalsbréen. Søknaden vart grunngjeven med den aukande turistferdsla.

Veg til Dvergsdalsdalen

Dvergsdalsdalen er ein høgdedal som ligg sør for Jølstravatnet. Veg frå Dvergsdal til Dvergsdalsdalen vart bygd i 1959.

Søgnesand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Søgnesand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg til Søgnesand

Veg frå Lunde til Søgnesand vart bygd i 1959. I 1995 vart den rasutsette vegen sikra med ein 450 meter lang tunnel, som fekk namnet Olatunnelen etter grunneigaren Ola Søgnesand.

Kjøsnesbrua

Først i 1970 vart det bygt bru mellom Sunde og Kjøsnes.

Kampen om tverrsambandet

Riksvegen Skei-Fjærland-Sogndal vart resultatet etter ein lang dragkamp der fylket var delt på midten.

Bilistane som tek seg tid til å stanse på rasteplassen ved Fjærlandstunnelen får dette utsynet over Kjøsnesfjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilistane som tek seg tid til å stanse på rasteplassen ved Fjærlandstunnelen får dette utsynet over Kjøsnesfjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.01.2011