Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyning i Jølster

Stakaldefossen kraftverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stakaldefossen kraftverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Knapt nokon stad elles i Sogn og Fjordane har det surra og gått så mange gards- og grendakraftverk som i Jølster kommune. I første halvdel av 1900-talet er det registrert 26 kraftverk i Jølster. Mange av dei var knytte til drifta av dei i alt 26 småmeieria som fanst i kommunen. Mange av desse første småkraftverka var i drift langt fram på 1960-talet.

Dei første kraftverka vart bygde på Helgheim, Ålhus og Skei i 1916. Mange av desse første småkraftverka var i drift langt fram på 1960-talet.

Fleire av kraftverka i Jølster fekk turbinane levert av Rasmus L. Bjørnereim på Byrkjelo. Løland-karane i Leirvik (sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft) bygde og monterte også fleire småkraftverk. I Jølster leverte dei såleis kraftverk til Magnus S. Årdal i 1934, Sandal el.verk i 1943, Driva Kraftlag i Stardalen i 1946, og brørne Eikås ved Andreas S. Eikås i 1949.

Stort kraftverk på Vassenden

Stort kraftverk på Vassenden

Eitt av dei største lokale kraftverka var kraftverket på Vassenden, som i tre byggjesteg vart utvida og leverte straum frå Sandalen i nord til Eikås i sør. Elias Kjelsnes styrde kraftverket og dreiv også sagbruk.

Samanslåing til større verk

Like etter krigen vart mykje av kraftforsyninga organisert i to større einingar: Frå 1947 L/L Driva kraftlag i Stardalen, som tok seg av lokalforsyninga frå to kraftverk i Stardalen. L/L Jølster Kraftlag vart skipa 1950. Driva og Jølster kraftlag gjekk saman i 1960, og gjekk i 1985 inn i Sunnfjord E-verk saman med Naustdal og Førde, Seinare er dette vidare fusjonert til eininga som no heiter Sunnfjord Energi, og omfattar store delar av indre Sunnfjord og ytre Sogn.

Kraftstasjonen til Fossheim Kraftverk ligg inne i fjellet rett over huset midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftstasjonen til Fossheim Kraftverk ligg inne i fjellet rett over huset midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fossheim kraftverk

I 1992 vart det gjeve konsesjon til bygging av Fossheim Kraftverk like nord for Skei. Kraftverket er eigd med 60 prosent på Sunnfjord Energi, 30 prosent av Firdakraft (heileigd av SFE), og 5 prosent på kvar av grunneigarane Steinar Eide og Johan Viken. Kraftverket vart sett i drifødd 1995, og har ein middelproduksjon på 28 gwh.

Kraftverk i Jølstra

I elva Jølstra eig Sunnfjord Energi to store elvekraftverk, i Stakaldefossen og Brulandsfossen. Kraftverket i Stakaldefossen, som ligg på grensa mellom Jøltser og Førde, vart sett i drift i 1954. Driftskonsesjonen for desse kraftverka gjev løyve til å regulere Jølstravatnet med 1,25 meter. Jølstravassdraget vart på 1980-talet forsøkt varig verna.

Utsyn over Kjøsnesfjorden frå anleggsområdet til Kjøsnesfjorden Kraftverk. Foto: Sunnfjord Energi.

Utsyn over Kjøsnesfjorden frå anleggsområdet til Kjøsnesfjorden Kraftverk. Foto: Sunnfjord Energi.

Kjøsnesfjorden Kraftverk

Sunnfjord Energi i samarbeid med grunneigarar, Veidekke AS og BKK (20 %) har bygt ut eit stort kraftverk til 900 millionar kroner i Kjøsnesfjorden. Kraftverket har ei såkalla ”takrenne” som samlar opp vatnet frå fleire elvar som renn ned i denne fjordarmen på Jølstravatnet. Kjøsnesfjorden Kraftverk produserer 247 GWh.

Frå anleggsarbeidet med tunnelinnslag på Lunde. Til høgre ser vi inngangen til Olatunnelen på vegen til Søgnesand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Frå anleggsarbeidet med tunnelinnslag på Lunde. Til høgre ser vi inngangen til Olatunnelen på vegen til Søgnesand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Det vart offisielt opna i september 2010 av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Då hadde det gått 15 år frå første gongen planane vart handsama i Jølster kommunestyre. Naturvernarar protesterte sterkt mot utbygginga som ligg tett opp til Jostedalsbréen nasjonalpark, men fekk ikkje gjennomslag for synspunkta sine. Ein person miste livet i ei ulukke under anleggsarbeidet i 2009, sjå under Ulukker i Jølster.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (t.v.) saman med fylkesordførar Nils R. Sandal under opninga av Kjøsnesfjorden Kraftverk 21. september 2010. Foto: Birger Meland, NRK.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (t.v.) saman med fylkesordførar Nils R. Sandal under opninga av Kjøsnesfjorden Kraftverk 21. september 2010. Foto: Birger Meland, NRK.

Nydalselva Kraft

Eitt av dei største bygdekraftverka, Nydalselva Kraft, vart offisielt opna i Førde ved Breimsvatnet i 2012. Produksjonen kom i gang hausten 2011 med ein venta årsproduksjon på 22 GWh, fallhøgde på 600 meter og ein kostnad på 80 millionar kroner. Fem grunneigarar eig kraftverket saman.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2012