Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Jølster

To jølstringar var med i det store slaget ved Berby i 1808. Teikning av A. Bloch.

To jølstringar var med i det store slaget ved Berby i 1808. Teikning av A. Bloch.

Dannebrogsmennene

I Dvergsdal og i Årdal er det reist minnesteinar etter to såkalla ”Dannebrogsmenn” – d.v.s. soldatar som fekk heiderstittelen etter innsatsen i krigen mot svenskane 1807-1814. Husmann Peder P. Kleppe frå Dversgdal var den som oppdaga fienden og først opna eld i det store slaget ved Berby. Nils Olsson Årdal frå Årdal var ordonnans, og greidde ved heltemodig innsats å få varsla prins Kristian August slik at han kom seg unna fienden.

Ulovleg radiolytting på Eikås i 1943. Andreas Eikås med øyretelefon og Håkon O. Østenstad med gevær. Ukjend fotograf, eigar Sunnfjord Museum.

Ulovleg radiolytting på Eikås i 1943. Andreas Eikås med øyretelefon og Håkon O. Østenstad med gevær. Ukjend fotograf, eigar Sunnfjord Museum.

Andre verdskrigen:

Sanitetsleir på Vassenden

I 1943 bygde tyskarane opp ein sanitetsleir på Vassenden. Leiren var knytt til divisjonen i Førde og fekk sjukestove, forlegningsbrakker og garasje for ambulansebilar som kunne hente såra soldatar frå transportskip i Vadheim, Førde eller Sandane. Vassenden Hotell vart omgjort til feltsjukehus med operasjonssal og sengepostar. Mykje av leiren vart bygd av russiske krigsfangar. Under opphaldet i leiren drukna to tyske legar då båten deira vart teken av sóget på Vassenden og dregen på elva.

Det triste synet etter at hotellet vart lagt i oske i 1943. Privat foto, utlånt av Jon Skrede.

Det triste synet etter at hotellet vart lagt i oske i 1943. Privat foto, utlånt av Jon Skrede.

Brende ned hotellet

Under 2. verdskrig vart også Skei Hotell rekvirert av tyskarane. Skei Hotell skulle nyttast som rekonvalesentheim for såra, tyske soldatar. Under ”innviingsfesten” i 1943 med divisjonsgeneralen Karl von Beeren frå Førde til stades, fata det eld i den store trebygningen. På kort tid var heile hotellet lagt i oske. Brannen starta i en gamal vedkomfyr på hotellkjøkenet, der den tyske kokken hadde sprengfyrt for å få maten ferdig i tide. Eigarfamilien Skrede lei stort økonomisk tap. Etter krigen vart hotellet gjenreist. Men det var mangel på det meste, og dører, glas og møblar måtte lagast på staden ved at råbygget vart nytta som ”snikkarverkstad”.

Jølstringar i uniform i samband med avdukinga av minnesmerket over Erik Kjøsnes, som døydde i tysk fangenskap. Frå venstre Nils Heggheim, Johannes Dvergsdal, Olav Årdal, ukjend og Bjarne Sandnes. Alle var med i kampane mot den tyske okkupasjonsmakta i april/mai 1940. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Falne og omkomne frå Jølster

Folk frå Jølster i tysk fangenskap

HV 10 på Skei

Stamkvarteret for HV 10 på Skei vart skipa 1990 etter ein årelang lokaliseringskamp.

Sjå også: *Historia i Jølster * Kommunehistoria i Jølster

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.01.2011