Hopp til innhold
X
Innhald

Kristen J. Sunde

Kristen J. Sunde

Kristen J. Sunde

Kristen J. Sunde (1861–1952) Fødd på Sunde i Jølster, busett i Måløy. Handelsmann og politikar. Sunde var ein av dei første som starta handel på Skram i noverande Måløy sentrum kring 1888.

an var medskipar av Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S på Trollebø i 1904 saman med kjøpmann Erik Fønstelien.

I forretningsgarden som Kristen Sunde bygde ved Torget i Måløy, dreiv eit bondesamvirke også meieri ei tid. Forretninga her vart seinare teken over av Elvebakke, og bygget har sidan også husa kafé og gullsmedforretning. Sunde var også einaste lokale forhandlar av sprengstoff.

Han var også ekspeditør for Vestenfjeldske Damskibsselskap, og medeigar i Ulvesund Formelfabrikk.

Han var første ordføraren i Sør-Vågsøy kommune frå 1910, då «storkommunen» Selje vart delt i tre: Selje, Nord- og Sør-Vågsøy kommunar.

Kristen J. Sunde gjorde opptaket til at Sør-Vågsøy kyrkje vart bygd i Måløy i 1907.

I «heimekommunen» Jølster skipa han Kr. J. Sundes legat.

Sundehuset i Måløy i 1904. Huset, som var eigd av Kristen J. Sunde, vart nytta til bustad og overnattingsplass for reisande. © Fylkesarkivet.

Sundehuset i Måløy i 1904. Huset, som var eigd av Kristen J. Sunde, vart nytta til bustad og overnattingsplass for reisande. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2018