Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Fossheim

Cand. scient 1964, dr. phil. 1972. 1. amanuensis ved NTH i Trondheim 1970 og professor same stad frå 1980.

Kristian Fossheim fødd 1935 på Skei, busett i Trondheim. Fysikkprofessor ved Norges Teknisk-Naturvitskapelege Universitet, Trondheim. Er kjend som ein av dei fremste ekspertar i verda på såkalla superleiarar.

Cand. scient 1964, dr. phil. 1972. 1. amanuensis ved NTH i Trondheim 1970 og professor same stad frå 1980.

Fossheim har ei rad studie- og forskingsopphald ved universitet og forskingssentra i USA, Europa og Japan, og har hatt langvarig samarbeid m.a. med Nobel-prisvinnarane K. Alex Müller og J. George Bednorz frå Sveits. Har m.a. gjeve ut fleire populærvitskapelege bøker og lærebøker, og har publisert vitskapelege arbeid i leiande internasjonale tidsskrift sidan 1964. Saman med Asle Sundbø gav han i 2004 ut «Superconductivity: Physics and Applications», ei lærebok på doktorgradsnivå. Fossheim har utdanna eit stort tal doktorandar innan fysikk ved NTNU.

Samfunnsverv

Kristian Fossheim har engasjert seg sterkt i den offentlege debatten om forskingspolitikk, og har hatt fleire tillitsverv i styrande organ ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), vore varaordførar i Rådet for Naturvitskapeleg Forsking, visepresident i Norsk Fysisk Selskap, styremedlem i fleire forskingsprogram i EU og i European Science Foundation. I 2010 vart Fossheim vald til preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Prisar

Tildelt Fritjof Nansens belønning for yngre forskere 1977, EB Norsk Kabels Jubileumspris 1988, Sogn og Fjordane fylkes målpris 1989 og Allforskprisen frå NTNU i Trondheim i 2003 for si forsking og forskingsformidling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.12.2010