Lag og organisasjonar i Jølster

17. mai-toget i Sanddalen, truleg i 1945. Vi ser fana til Sanddalen Ungdomslag, som var utforma av Nikolai Astrup. Ukjend fotograf, eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stardalens Ungdomslag er eitt av mange ungdomslag som vart skipa rundt 1900. Laget har ei eksklusiv fane, for motivet er laga av Nikolai Astrup.
Misjonslag i Jølster
Då Søndfjord Fellesforening vart skipa som distriktslag for indremisjonslaga i regionen, var Jølster Forening eitt av dei 11 laga som vart medlemer. Det er ikkje kjent kva år dette lokallaget i Jølster vart skipa. Bedehuset på Vassenden vart bygd i 1932, Årdal bedehus i 1960 og Misjonshuset på Skei i 1984.
Stardalen Skyttarlag
vart skipa i 1888.
Stardalen kristelege ungdomslag
vart skipa i 1888.
Stardalen Ynglingeforening
vart skipa i 1888.
Stardalen Ungdomslag
- sjå Stardalen Ynglingeforening.

Ungdomshuset Haugtun i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Audnedal Ungdomslag
vart skipa i 1890, men var truleg nedlagt i 1905, då Ålhus "gamle" Ungdomslag vart skipa.
Ålhus Ungdomslag
- sjå Audnedal Ungdomslag.

17. mai-feiring i Sanddalen i 1925. Festlyden har samla seg rundt fana til Sanddalen Ungdomslag. Foto: T. Sandal.
Myklebust Ungdomslag
vart skipa i 1899.
Sanddalen Ungdomslag
- sjå Myklebust Ungdomslag.
Idrætslaget Hjolmstra
på Skei vart skipa i 1901 og var i drift til kring 1912.
Orken Ungdomslag
vart skipa i 1901. Ved skipinga vart laget kalla Sunde ungdomsforeining.

Ungdomshuset Gjesthalla ved Vassenden. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Gjesdal Ungdomslag
vart skipa i 1901.
Skei Ungdomslag
vart skipa i 1902 - ved skipinga vart laget kalla Viken Ungdomslag.
Eikås Skyttarlag
vart skipa i 1902.

I åra 1902 og 1903 vart det skipa fleire skyttarlag i Jølster. Her er tre karar på veg til skyttarstemne i 1908 med geværet på ryggen og med sykkel som framkomstmiddel. Frå venstre Jeremias J. Klakegg, Ola Hegrenes og Daniel S. Veiteberg. Ukjend fotograf. Eigar: Laura Klakegg/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Gjesdal Skyttarlag
vart skipa i 1902.
Orken Skyttarlag
vart skipa i 1902.
Ålhus Skyttarlag
vart skipa i 1903.

Ungdomshuset på Eikås. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Eikås Ungdomslag
vart skipa i 1905.
Ålhus Gamle Ungdomslag
vart skipa i 1905.
Kommunen hadde elles i 1905 fleire misjonsforeiningar, kvinneforeiningar, mannsforeining, fråhaldslag, idrettslag songlag, landbrukslag og sundagsskular.
Jølster Mållag
vart skipa i 1906. Laget gir ut sogebladet Jølst ein gong i året og deler kvart år ut Målrosprisen.
Ålhus Idrettslag
vart skipa i 1920. Det vart lagt ned i 1947.
Eikås Idrettslag
vart skipa i 1923.

Deltakarar i eit skirenn i Stardalen på 1920-talet. Ukjend fotograf.
Stardalen Idrettslag
vart skipa i 1924.
Stardalen Mannskor
vart skipa i 1936.

Handballaget til Idrettslaget Foss i 1949. Framme frå venstre Anny J. Skrede, Borgny O. Fonn Bolset, Berit J. Bolset, Magnhild M. Bolset Viken og Ragnhild Skrede. Bak frå venstre Erna A. Helgheim, Katrina O. Bolset Tjønneland, Agnes O. Skrede, Sigrun Klakegg og Elfrid A. Viken. Foto: Lars Fjell. Eigar: Lars Fjell/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Idrettslaget Foss
på Skei vart skipa i 1941.
Idrettslaget Fjellvåken
på Eikås i Jølster vart skipa i 1941.
Jølster Måldyrkingslag
vart skipa i 1943 for Ålhus sokn.
Helgheim sokn Måldyrkingslag
vart skipa i 1947.
Skei Husmorlag
vart skipa i 1949. Laget har seinare skifta namn til Skei kvinne- og familielag. Midt på 1970-talet starta husmorlaget den første barnehagen i Jølster kommune på Skei.
Skei kvinne- og familielag
– sjå Skei Husmorlag.
Guteidrettslaget Skjold
vart skipa i 1950 og dekte bygdene Helgheim og årdal. Laget fekk eiga idrettsbane i 1968, og var aktivt som eige idrettslag til inn på 1980-talet.
Vassenden Idrettslag
vart skipa i 1952. I 1955 vart det slege saman med nabolag til Nedre Jølster Idrettslag, og seinare same året med øvrige lag i kommunen til Jølster Idrettslag.

Jølster Musikklag har henta heim mange trofé frå både NM og Sogn og Fjordane-meisterskap. Foto: Heidi Fagna, NRK.
Jølster Musikklag mellom dei beste i landet
Eikås og Vassenden Musikklag vart skipa i 1953 etter opptak frå Birger Nordberg. I 1970 bytte musikklaget namn til Jølster Musikklag.
Eikås og Vassenden Musikklag
- sjå Jølster Musikklag mellom dei beste i landet.
Jølster Idrettslag
vart skipa i 1955 ved at dei lokale laga Stardalen, Foss, Vassenden og Fjellvåken slo seg saman. Idrettsbana på Skei vart opna i 1963.

Fotballaget til Jølster IL i 1964. Framme frå venstre Oddbjørn O. Fonn, Dagfinn K. Åmot, Magnus N. Fonn, Joar Flatjord, Lars Fjell og Jon Gåsemyr. Bak frå venstre Anders A. Helgheim, Monrad K. Fonn, Bjørn S. Høyvik, Erling N. Helgheim, Lars L. Klakegg, Jarle A. Helgheim og Gunnar Huus. Foto: Lars Fjell. Eigar: Lars Fjell/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Jølster Songlag
vart skipa i 1957.
Jølster Samfunnshus
på Skei vart bygt i 1959.
Jølstrakoret
for bygdene kring Vassenden vart skipa i 1964.
Fjellklang Spelemannslag
vart skipa i 1969 og rekrutterer i hovudsak medlemane sine frå indre Jølster. – Les meir om spelemannstradisjonane i Jølster i eigen artikkel - Spelemenn i Jølster.

Indre Sunnfjord Spelemannslag etter sigeren under Landsfestivalen i gamaldansmusikk i 1986. Foto: Bent Buvarp Aardal.
Indre Sunnfjord Spelemannslag
vart skipa i 1969 og rekrutterer ein stor del av medlemane sine frå nedre Jølster. – Les meir om spelemannstradisjonane i Jølster i eigen artikkel - Spelemenn i Jølster.
Skei skulemusikk
vart starta i 1970.
Indre Sunnfjord Turlag
vart skipa i 1971 og omfattar forutan dei fire kommunane i indre Sunnfjord også Askvoll. Turlaget bygde Longevasshytta på fotturen mellom Årdal i Jølster og Nes i Naustedalen i 1989.

Longevasshytta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Skeitreffen
på Skei har vore ei årleg samling frå trekkspelmusikarar frå heile Sogn og Fjordane som første gong vart skipa til i 1974. Primus motor for samlinga har vore Jon Skrede.
Jølster Pensjonistlag
vart skipa i 1978.
Skeivasskoret
vart skipa i 1987.
Jølster Skisenter
i Bjørkelia ved Vassenden vart bygd i 1986 av alpingruppa i Jølster Idrettslag.

Koret Coda i konsert.
Coda
er eit kor som vart skipa i Jølster i 1992.
Sunnfjord Golfklubb
vart skipa i 1992 etter initiativ frå Geir Huus frå Førde.
Jølster KFUK-KFUM-speidarar
vart skipa i 1996 av Ragnar Simonsen. I 2006 hadde laget 140 medlemmer, og var den tiande største av dei i alt 330 gruppene i KFUK-KFUM-speidarar i Noreg.
Jølster Jazzklubb
vart starta i 2010 og har rundt 30 medlemer.
Idrettsanlegg og stemne i Jølster
Dei største idrettsanlegga i Jølster er idrettsbanene på Skei og Vassenden, hoppbakken Bjørnabakken i Årdal (bygd 1959), Jølster Skisenter og hoppbakken i Bjørkelia ved Vassenden, og Sunnfjord Golfklubb ved Vassenden.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.12.2010