Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Jølster

Joachim Sivertsen frå den kjende «hotell-familien» på Sandane starta landhandel på Skei kring 1840.

Hans Zakariasson

starta landhandel same stad i 1865.

Sigurd Klakeg landhandel

på Skei vart grunnlagt 1882 av Anders Sjurson Klakeg. I 1908 overtok sonen Sigurd Klakeg, og landhandelen har vore drive av same slekta sidan. I ein kort periode på 1890-talet leigde den kjende forretningsmannen Anders E. Sølvberg lokale hos Klakegg og dreiv handel der. Idag heiter Klakeggs daglegvarehandel på Skei «Krambua».

A. K. Sunde

Andreas Knutsson Sunde frå Sunde starta i 1896 landhandel på Ålhus under firmanamn A.K. Sunde.

Ivar Hylderaas

(1857–1957) frå Voss var omreisande skreppekar (handelsmann), og starta ca. 1894 landhandel på Vassenden i bygget som seinare er kalla Blåbutikken. (Også i Flora kommune slo fleire skreppekarar frå Voss seg ned som handelsmenn). Sonen Knut tok kring 1930 over drifta av denne, medan ein annan son, Gunnar Hylderaas starta landhandel i Sanddalen i 1926. I år 2001 vert denne handelen framleis driven av Gunnars son Ingvald, medan landhandelen på Vassenden avvikla 1961.

Nikolai B. Kvammen

(1875–1932) starta i 1907 som landhandlar på Eikås.

J.N. Aardal landhandel

i Årdal vart starta i 1913 av Johan N. Aardal.

Befring A/S,

landhandel på Veiteberg i Stardalen vart grunnlagt 1919 av Sigurd Z. Befring. Eige bygg frå 1923. Seinare overteke av Jølster samyrkelag, med Befring som filialstyrar. Samyrkelaget la ned avdelinga i 2007.

Andreas B. Aardal

starta landhandel i Årdal kring 1920.

Kr. Myklebust Landhandel

på Myklebust vart grunnlagt i 1930 av Kristian Myklebust. Forretninga vart driven til 1991. Sonen til Kristian, Eivind Myklebust, har sidan 1976 drive som kjøpsmannskonsulent for nærbutikkar.

Jølster Samyrkelag

Jølster Samyrkelag

på Skei vart grunnlagt i 1936. Seinare vart namnet endra til Jølster Samvirkelag.

Jølster Samvirkelag

- sjå Jølster Samyrkelag.

Coop Jølster BA

- sjå Jølster Samyrkelag.

Ålhus Nærbutikk

- sjå Jølster Samyrkelag.

Vassenden Samyrkelag

vart grunnlagt i 1945, og forretninga opna 1947. I tillegg til vanleg landhandel , tok samyrkelaget imot om omsette smør, ost, ull, skinn og andre jordbruksprodukt. Forretninga er idag ein del av Førde Samyrkelag.

Alf Helgheim

Alf Helgheim

starta 1946 ur-, optikk- og fotoforretning på Helgheim. Daglegvarer frå 1970. Flytta 1987 til Skei, der forretninga sel ur, optikk, foto, video, gull og sølvvarer.

Jølster Samyrkelag

avdeling Stardalen - Sjå Befring As, startår 1919.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2009