Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Arne Åsen

Leif-Arne Åsen f. 1960 frå Myklebust, busett i Førde. Entreprenør. Starta i 1988 entreprenørselskapet Åsen og Øvrelid AS saman med Helge Øvrelid, og har bygd firmaet opp til eitt av dei største entreprenørselskapa i Sogn og Fjordane med 70 tilsette.

Åsen har hatt fleire leiarverv i industriforeningar og bransjeorganisasjonar. Han var medskipar av Førde Industriforening i 2000 og Sunnfjord Næringsråd i 2005 og har hatt tillitsverv i begge.

Åsen har elles vore ordførar i representantskapen i Gjensidige og styremedlem i vestlandsegionen i selskapet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2009