Hopp til innhold
X
Innhald

Leigehæren og Audun

Ein rekonstruksjon av seglet til baron Audun. ©Fylkesarkivet.

Ein rekonstruksjon av seglet til baron Audun. ©Fylkesarkivet.

I 1295 gjer den norske kongen – med Audun som mellommann - avtale med kong Filip av Frankrike om ein enorm norsk leigehær som den franske kongen skal bruke i krigen mot England: Mot leige av 300 norske skip og 50.000 mann (!) skal franskekongen betale 30.000 pund sterling i leige kvart år, og den norske kongen fekk eit forskot på 6.000 pund sterling.

Dette forskotet fekk truleg Audun utbetalt for å overlevere det til kongen når han kom heim til Noreg. Men kort tid etter at leigeavtalen vart signert, slutta Frankrike fred med England.

Men kvar vart forskotet på 6000 pund sterling av? – Ingenting er skrive, og ingen veit.

- Underslo Audun den enorme pengesummen, og var det dette som førde til at han få år seinare dingla i galgen?

Les også:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018