Ludvig Kristensen Daa

Ludvig Kristensen Daa (1809–1877). Historieprofessor og politikar. Som son av soknepresten i Jølster, budde han på Ålhus i barndomen.
Gav etter studia ei bokgåve til Jølster. Frå 1863 styrar av Etnografisk Museum. Kom som student i hard ordstrid med Henrik Wergeland, gjennom Daas organ «Granskeren».
Stortingsrepresentant for Akerhus, seinare Oslo i 1841, 1844 og 1854 – først i bondeopposisjonen, seinare tilhøyrde han dei moderate. Gav ut og var redaktør av «Den norske tilskuer», «Christianiaposten» og «Tids-Tavler».
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 13.03.2008