Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Johannes Huslid

Martin J. Huslid som student.

Martin J. Huslid som student.

Martin Johannes Huslid (1931-1996) fødd i Vik i Sogn, oppvaksen på Skei. Diplomat. Utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskole 1957.

Huslid starta tenesta i Utanriksdepartementet i 1958. Han arbeidde m.a. ei tid i Norges Eksportråd, og hadde lang teneste ved delegasjonen i Geneve før han i 1975 vart ekspedisjonssjef med internasjonale forhandlingar mellom industriland og u-land som arbeidsområde.

I 1978 vart han spesialrådgjevar og hovudforhandlar for internasjonale forhandlingar om ei ny økonomisk verdsordning.

I 1981 vart han ambassadør i Geneve. Frå 1990 til 1994 var Huslid ambassadør ved FN-hovudkvarteret i New York, og frå 1994 til sin død norsk ambassadør i Brussel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2010