Hopp til innhold
X
Innhald

Meierihistoria i Jølster

Lyngstadfossen Meieri i Stardalen var eitt av 26 bygdemeieri i Jølster.

Lyngstadfossen Meieri i Stardalen var eitt av 26 bygdemeieri i Jølster.

Ved omlegging av jordbruket frå naturalhushald til pengehushald på slutten av 1800-talet, var eitt av dei viktigaste moderniseringstiltaka bygginga av meieri. Her kunne bøndene gjennom felles investeringar drive meir rasjonell produksjon av smør og ost for vidare sal. Bergen var den viktigaste marknaden for slike mjølkeprodukt på Vestlandet.

På få år grodde det opp til saman 26 større og mindre bygdemeieri i Jølster kommune.


Dette var dei største:

Lyngstadfossen Meieri

på Veiteberg i Stardalen vart grunnlagt i 1890. Den første tida heitte det Veiteberg Meieri og dekte mykje av Stardalen. Ras og fonnfare på transportvegen til meieriet gjorde imidlertid at folket på Åmot nokre år seinare bygde sitt eige meieri (sjå nedanfor). Dei første åra vart Lyngstadfossen meieri drive på vasskraft, men bytte seinare til dampdrift. Meieriet var eit reint smørmeieri.

Veiteberg Meieri

- sjå Lyngstadfossen Meieri.

Dvergsdal Meieri

Dvergsdal Meieri

starta 1895 med åtte leverandørar og eigarar. Første fem åra leigde meieriet hus, men i 1900 bygde dei eiga bygning. Meieriet i Dvergsdal tok imot 50.000 liter mjølk årleg, og produserte berre smør fram til 1923, då dei starta ysteri. Osten vart seld direkte til handelsmenn i Bergen.

Vassenden Meieri

vart starta 1897 med 25 luteigarar. I 1941 vart talet på eigarar utvida til 70. Like før krigen vog Vassenden Meieri inn 400.000 kilo mjølk årleg, og var eit reint smørmeieri. Bygningane er i dag restaurerte og tekne godt vare på. (Meieribygget er det torvdekte huset ned mot elva, like ved Jølstramuseet). I 1956 bygde Vassenden Meieri nytt bygg på øvre sida av riksvegen. Også dette står framleis.

Sunde Meieri

på Sunde starta i 1897. Fram til 1915 leigde meieriet rom hos Anders Sunde, då dei bygde eige bygg. Alle gardbrukarane på Sunde og Sægrov leverte til meieriet, som i tida frå 1920 til 1931 vart drive både som smørmeieri og ysteri. Produkta vart leverte direkte til kjøpmenn i Bergen.

Grungen Meieri

var den gongen det vart bygt i 1901 eitt av dei største i Sogn og Fjordane. Grungen vog inn 350.000 kilo kumjølk og 40.000 kilo geitemjølk årleg. Grungen Meieri fekk drivkrafta frå elva som renn frå Skei mot Breimsvatnet. Framleis kan ein sjå ruinane etter meieriet og restane av dampkjelen like ved E39.

Brenden Meieri

i Sandal kom også i gang i 1901. Meieriet hadde 11 leverandørar, og var eit reint smørmeieri som dei første åra leverte smør direkte til England. Seinare vart smøret levert til ein kjøpmann i Bergen.

Myklebust Meieri

vart starta i 1912 av dei 12 gardbrukarane i grenda. Også dette var reint smørmeieri, som omsette produktet gjennom Norske Meieriers Salgssentral.

Aamots Meieri

på Veiteberg vart grunnlagt i 1912. Fram til meieriet bygde eige produksjonsbygg i 1930 var det to ysteri i krinsen. Ysteriet var berre i drift om sommaren. I meieridelen vart det berre produsert smør, som dei omsette gjenom Vestlandske Mjølkesentral.

Stardalen Ysteri

- sjå Aamots Meieri.

Jølster Meieri

I mellomkrigstida pressa styresmaktene på for å få meir rasjonell meieridrift kringom i landet. Eitt av pressmidla for større einingar var å ta bort den såkalla landsutjamninga (driftstilskotet) til dei minste meieria. Dette fekk også verknad for meieristrukturen i Jølster. Jølster Meieri på Ålhus vart skipa i 1939. Byggeplanane var klare, men på grunn av krigen vart ikkje bygget ferdig før i 1950. Den første tida produserte meieriet berre smør og brunost. Før straumforsyninga var skikkeleg utbygd, måtte meieriet sjølv syte for tilstrekkeleg straum frå eige dieselaggregat.

Mjølkebilen til Firda Billag frå sørsida av Jølstravatnet frakta på 1950-talet mjølka til Ålhus Meieri. Sjåfør er Johannes K. Dvergsdal. . Eigar av foto: Firda Sjåførforening.

Mjølkebilen til Firda Billag frå sørsida av Jølstravatnet frakta på 1950-talet mjølka til Ålhus Meieri. Sjåfør er Johannes K. Dvergsdal. . Eigar av foto: Firda Sjåførforening.

Jølster Meieri var det klårt største i Jølster då det var ferdig, og hadde kapasitet på å ta imot tre millionar kilo mjølk. For å skaffe denne produksjonsmengda sette meieriet opp eigne mjølkeruter med bil. Meieriet vart som det siste i Jølster lagt ned i 1988. I 1997 vart lokala ombygde, og husar no Eikaasgalleriet på Ålhus - sjå: Ludvig Eikaas.

Det tidlegare Jølster Meieri på Ålhus husar no Eikaasgalleriet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det tidlegare Jølster Meieri på Ålhus husar no Eikaasgalleriet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Meieria i Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011