Hopp til innhold
X
Innhald

Moses Paulen

Moses Paulen (1893-1979) frå Paulen. Bonde, felespelar og komponist. Han lærde å spele av Anders Reed og lærde å komponere av Gabriel Reed frå Breim. Saman med fem brør, Albert, Petter, Ola, Magnus og Adolf, spela han mellom anna til bryllaup, Moses spela i godt over 100 bryllaup. Moses er den mest kjende av brørne, som til saman komponerte fleire hundre slåttar som i dag vert rekna som ein del av tradisjonsmusikken i Jølster og Breim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.03.2010