Naturvern i Jølster

Grovabréen sett frå Haugen Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
I samband med skipinga av Jostedalsbréen Nasjonalpark i 1992 kom også store areal i Jølster kommune inn i den nye nasjonalparken. Jostedalsbréen Nasjonalpark omfattar i alt 1320 kvadratkilometer med bré og sidedalar i kommunane Stryn, Gloppen, Jølster, Førde, Balestrand, Sogndal, Luster og Skjåk.
Landskapsvern i Naustdal-Gjengedal
I 2009 skipa regjeringa Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Storparten av det 394 kvadratkilometer store området ligg i Naustdal og Gloppen, men også fjellområde i Jølster og Førde vert omfatta av dette vernet, og alle kommunane skal m.a. dele på eit næringsfond på 10 millionar kroner som erstatning for vernet.

Stegsvatnet på vegen frå Årdalen og inn i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 03.01.2011