Hopp til innhold
X
Innhald

Nielsens Hotell

I dag heiter verksemda Jølster Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag heiter verksemda Jølster Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nielsens Hotell (no Jølster hotell) på Vassenden vart bygt i 1888 av Nikolai Nilsen Vassenden, son av handelsmann Nils Olsson, som kom frå indre Årdal.

På Vassenden hadde det vore skyss-skifte og gjestgiveri heilt frå tidleg 1700-tal. Nielsens Hotell hadde tre etasjar, og var bygt i staseleg sveitsarstil. Nilsen var også engasjert i meieridrift på Vassenden.

Vassenden Hotell

Anfinn Nilsen fødd 1898 overtok drifta etter faren Nikolai, og var hotellvert og postopnar fram til sin død i 1940. Då gjekk hotellet over til Anfinns syskenbarn Kristian A. Støfring (1902–1965). Hotellet skifta då namn til Vassenden Hotell.

Nielsens Hotell på eit postkort ca. 1910. Foto: PP, eigar Sunnfjord Museum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nielsens Hotell på eit postkort ca. 1910. Foto: PP, eigar Sunnfjord Museum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1941 vart hotellet rekvirert og brukt resten av krigen som forlegning for tyske soldatar.

Bygningen er teken vare på i sin opphavelege stil, men fekk i 1964 eit påbygg i betong. Dette påbygget vart på 1980-talet «kamuflert» og betre tilpassa det gamle bygget ved endring av takkonstruksjonen.

Asylmottak

I 1989 skifta Vassenden Hotell namn til Jølster Hotell. I 1998 vart hotellet teke i bruk som asylmottak. Mottaket vart avvikla i 2001, og eigarane, Bjørg og Ottar Øygard, tok opp att hotelldrifta. Men i 2010 vart hotellet på ny asylmottak med plass til 80 asylsøkjarar.

I 2011 vart hotellet kjøpt av Jølster Hotell AS. Bak det står Erlend Gjelsvik, Magne Støfring, Anders Eikås, Einride Østenstad og Ottar Øygard.

(Sjå fleire hotell under: Gjestgjevarstader i Jølster.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011