Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolai B. Kvammen

I dette huset var landhandelen til Kvammen fram til 1961. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset var landhandelen til Kvammen fram til 1961. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nikloai B. Kvammen (1875–1932) starta i 1907 som landhandlar på Eikås.

Då Nikolai døydde i 1932, overtok mora Synnøve Kvammen drifta av butikken. Ei tid dreiv ho butikken saman med sonen Sverre. Sonen til Nikolai, Bjarne Kvammen, overtok i 1953. I 1961 bygde Bjarne og ektemaken Johanna ny butikk på nedsida av vegen. Denne vart utvida i 1973 og ombygd i 1986, då sonen Bjarne ei kort tid var med i butikkdrifta. Landhandelen på Eikås vart lagt ned i 1994. I 2002 kjøpte røyrleggjar Egon Hermansen med firmaet Hermansen AS eigedomen.

I 1961 vart butikkdrifta flytta over vegen, men landhandelen til Kvammen vart lagd ned i 1994. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1961 vart butikkdrifta flytta over vegen, men landhandelen til Kvammen vart lagd ned i 1994. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2010