Nils Bruland

Storm-monumentet på Mo og Jølster vidaregåande skule. Foto: Arild Nybø, NRK.
Nils Bruland (1922–2000). Bilethoggar, fødd i Eivindvik, Gulen. Frå 1974 busett i Jølster.
Utdanna ved Kunstfackskolan i Stockholm, der han også underviste i mange år i kunsthandverk.
Arbeidde mykje med treskulpturar, men har m.a. laga fleire krigsminnesmerke til norske kommunar. Har m.a. laga skulptur i stål ved Førdehuset, Storm-monumentet ved Mo Jordbruksskule og skulptur ved HV 10 i Jølster.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.11.2011