Hopp til innhold
X
Innhald

Nils J. Helgheim

Nils J. Helgheim (1903-1982) frå Helgheim. Bonde og politikar for Bondepartiet/ Senterpartiet. Kommunestyremedlem 1933-1967, ordførar 1952-1967, og fylkesordførar i Sogn og Fjordane 1964-1967.

Medlem av styret i Norges Bondelag 1952-1959, av desse 4 år som nestformann. Styremedlem i Vestlandske Salslag og ordførar i representantskapen i Norges Kjøtt- og Fleskesentral. Styreformann i Firda Billag. Vararepr. på Stortinget 1954-1961.

Æresmedlem og gullmerket frå Norges Bondelag. Riddar av 1. kl. av St. Olavs Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011