Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Olsson Øvrebø

Nils O. Øvrebø.

Nils O. Øvrebø.

Nils Olsson Øvrebø (1886–1967) frå Ålhus. Lensmann og Bondeparti-politikar.

Lensmann i Jølster 1937–1956. Han var også forretningsførar i Jølster Kommunale Automobilselskap 1919-1920, og seinare sentral tillitsvald i Firda Billag.

Styremedlem i Vestlandske Salslag 1929–1955. Formann i fylkeslandbrukstyret 1945–1953. Han var ei drivkraft bak bygginga av Jølster Meieri på Ålhus i 1950. Formann i forstandarskapen i Jølster Sparebank 1927–1938 og styreformann 1939–1955, og var også styremedlem i m.a. Firdakraft.

Kommunestyremedlem 1913-1952, og ordførar 1929–1936. Først medlem i Venstre, men frå 1920 med i styret i Sogn og Fjordane Bondeparti. Øvrebø vart konstituert som fylkesmann i Sogn og Fjordane 8. mai 1945 og ut året. Vararepr. på Stortinget 1945-1953.

Tildelt Landbruskselskapet sin gullmedalje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011