Norvald Nilsson Årdal

Norvald Årdal.
Norvald Nilsson Årdal fødd 1935 i Årdal. Kjøpmann i Førde, der han saman med Lasse Grønfur starta to store matvareforretningar under namnet ”Blinken”. Desse var lenge dei heilt dominerande matvareforretningane i fylkessenteret.
Han kjøpte i 1985 Vestlandske Salslag sitt nedlagde slakteri i Førde sentrum saman med Ida Berqvam og bygde "Handelshuset". Der vart Årdal største leigetakaren med nyskipa ”Bravo Matsenter” (seinare Spar-butikk).
Bror til Ola Dagfinn Årdal.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.12.2010