Hopp til innhold
 Oddleiv Apneseth. Foto: Audhild G Rotevatn
Oddleiv Apneseth. Foto: Audhild G Rotevatn
X
Innhald

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth, pressefotograf som har vunne ei rekkje prisar for dei uttrykksfulle og levande bileta sine, både av kvardagslege og oppsiktsvekkjande situasjonar.

Apneseth er fødd 23. januar 1955 i Florø. Han tok artium i 1974 og har elles utdanning frå Akademiet i Rauland og Mo jordbruksskule, og grunnfag i lokalhistorie ved Universitetet i Bergen. Frå 1979 til 1987 arbeidde han som frilansar. Sidan 1987 har han vore tilsett som pressefotograf i Bergens Tidende. Han har dessutan illustrert fleire bøker og mellom anna vore festspelfotograf for Festspillene i Bergen. Apneseth er busett i Jølster.
 
Apneseth har illustrert bøker av forfattaren Frode Grytten – romanen Bikubesong (1999) og reiseskildringa Dublin (2002). Bileta hans finn vi òg i fleire bøker om kunstnarar – Ludvig Eikaas i Eikaas i 80 (2000) og Oddvar Torsheim i Tvisynt tvilar (2001). Den sistnemnde vann prisen som Årets vakraste bok 2002. I boka Herifrå (2006), som Apneseth gav ut saman med journalisten Katrine Sele, har han utforska daglegliv og identitet i Sogn og Fjordane, med særleg vekt på å få fram særeigne historier som sjeldan vert fortalde.
 
Apneseth har fleire gonger reist som fotograf i krigs- og katastroferåka delar av verda. I 1994 vann han prisen Årets bilete for «Mentalsykehuset i Tuzla» (Bosnia) og i 2005 for «Etter jordskjelvet» (Pakistan).
 
Kjelder
Presse 1997
 
Peikarar
«Årets bilde 2005 til Oddleiv Apneseth», fotojournalisten.com
Omtale av Oddleiv Apneseth på heimesida til Skald forlag

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 12.04.2012