Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Wilhelm Fasting

Ole Wilhelm Fasting (1852-1915). Ingeniør og forfattar som var fødd i prestegarden på Ålhus, men voks frå femårsalderen opp på prestegarden i Førde, der han er gravlagd.

Fasting gav m.a. ut lærebøker og dikt og skodespelet «Kræft». Men Fasting er mest kjend for ei rad romanar og novellesamlingar, skrivne i ein lett og humoristisk tone.

Dei mest kjende er «Drivtømmer», «Lyng», «Solstrand», «Graalyst» og «Rimfrost».

Fasting var ein ivrig friluftmann og jeger, og mange av bøkene hentar emne frå jakt og fjellturar. I novellene sine raljerer han ofte over den treige sunnfjordingen Mads.

Frå 1899 til 1910 leigde O.W. Fasting m.a. jakt- og fiskeretten på garden Vatne ved Sygnefest i Gulen kommune.

Bror til Johan Jacob Fasting.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.12.2010