Faktaboks

Ottar Befring
Fødd
19. november 1939, Sunnfjord, Vestland
Død
9. oktober 2023, Molde

Ottar Befring var ein norsk offiser og politikar for Arbeidarpartiet som var statssekretær i Landbruksdepartementet og fylkesmann i Møre og Romsdal.

Bakgrunn

Ottar Befring vart fødd i Jølster i Indre Sunnfjord. Han utdanna seg til offiser i Forsvaret og gjennomførte befalsskulen i 1960, krigsskulen i 1966 og Hærens stabsskule i 1976. I 1978 tok han over familiegarden i Jølster, som han dreiv til 1992.

Karriere

Hæren

Befring var tilsett som offiser i Hæren i åra 1960–1978 og har vore troppssjef og kompanisjef, dessutan bataljonssjef som vernepliktig og på repetisjonsøving. Han var vernepliktig oberstløytnant i Hæren.

Politisk karriere

Befring var statssekretær i Landbruksdepartementet for Arbeidarpartiet frå 1992 til 1997, landsbruksdirektør i Møre og Romsdal i 1998–2002 og fylkesmann i Møre og Romsdal i 2002–2009.

Som statssekretær i Landbruksdepartementet var Befring med på å arbeide fram stortingsproposisjonen om landbruk og utvikling (1992), som mellom anna tok for seg bygdeutvikling, distriktspolitikk, miljøvern i landbruket og trygg mat.

Befring hadde ei rekkje politiske og offentlege verv. Har var medlem av kommunestyret i Jølster i 1983–1992 og fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1983–1991.

Andre verv

Frå 2000 var han leiar av Omsetningsrådet for landbruksvarer. Han var leiar for Reindriftsstyret i 2005–2009 og i Reindriftens utviklingsfond i 2005–2010.

I 2005–2011 var Befring president i Noregs Forsvarsforeining. Han var aktiv korsongar gjennom ei rekkje år, i Stardalen Mannskor og Fuglset Mannskor. I perioden 1983–1995 var han styreleiar i Sogn og Fjordane Teater (no Teater Vestland).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg