Hopp til innhold
X
Innhald

Ottar Befring

Ottar Befring, offiser og politikar for Arbeidarpartiet, har vore fylkesmann i Møre og Romsdal.

Ottar Befring er fødd 19. november 1939 i Jølster, Sogn og Fjordane, og han er busett i Molde. Han utdanna seg til offiser i Forsvaret og gjennomførte befalsskulen i 1960, krigsskulen i 1966 og Hærens stabsskule i 1976. Han var tilsett som offiser i Hæren i 1960–78 og har vore troppssjef og kompanisjef, dessutan bataljonssjef som vernepliktig og på repetisjonsøving. Han er vernepliktig oberstløytnant i Hæren. I 1978 tok han over familiegarden i Jølster, som han dreiv til 1992.
Befring var statssekretær i Landbruksdepartementet for Arbeidarpartiet frå 1992 til 1997, landsbruksdirektør i Møre og Romsdal i 1998–2002 og fylkesmann i Møre og Romsdal i 2002–09.
Som statssekretær i Landbruksdepartementet var Befring med på å arbeide fram stortingsproposisjonen om landbruk og utvikling (1992), som mellom anna tok for seg bygdeutvikling, distriktspolitikk, miljøvern i landbruket og trygg mat.
Befring har hatt ei rekkje politiske og offentlege verv. Har var medlem av kommunestyret i Jølster i 1983–92 og fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1983–91. Frå 2000 har han vore leiar av Omsetningsrådet for landbruksvarer. Han var leiar for Reindriftsstyret i 2005–09 og i Reindriftens utviklingsfond i 2005–10.
I 2005–11 var Befring president i Noregs Forsvarsforeining. Han har vore aktiv korsongar gjennom ei rekkje år, i Stardalen Mannskor og Fuglset Mannskor. I perioden 1983–95 var han styreleiar i Sogn og Fjordane Teater.
Kjelder
E-postar frå Ottar Befring 5.11.2012 og 6.2.2013
Knut Olav Åmås (red.): Hvem er hvem? Oslo 2006
Hvem er hvem? Oslo 1994
«Ottar Befring», snl.no: http://snl.no/Ottar_Befring [lesedato 12.10.2012]
«Ottar Befring», Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane, nrk.no: http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Ottar_Befring [lesedato 12.10.2012]
Peikarar
Ottar Befring utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal, regjeringen.no

Først publisert: 10.04.2013
Sist oppdatert: 13.05.2013