Overnattingsstader i Jølster

Vassenden Hotell, som før heitte Nielsens Hotell, tidleg på 1900-talet. Foto: Olai Fauske. © Fylkesarkivet.
Handel og gjestgjevarstader på 1700-talet
Heilt frå tidleg 1700-tal vart det drive handel, gjestgiveri og skjenkestove både på Skei og Vassenden.
Gjestgiveri på Ålhus
Posten på Jølstravatnet vart rodd mellom Ålhus og Skei. I 1822 vart det bygt skikkeleg kjerreveg mellom Vassenden og Ålhus, og Ålhus fekk eit lite gjestgiveri for dei reisande.

Skysskiftet på Ålhus, truleg ca. 1890. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.
Ola Andersson Årdal
(1854–1904), dreiv hesteskyss og eit lite hotell på garden sin i Årdal. Ei av stovene på bruket vart lenge nytta som møtelokale for kommunestyret. Ei anna stove var det første banklokalet i Jølster.
Hotell Skjorta
(oppkalla etter det kjende fjellet ved Breimsvatnet) vart bygd ca. 1870 av bonde Rasmus Førde i den vesle bygda Førde i sørenden av Breimsvatnet.
Nielsens Hotell
-på Vassenden vart bygt i 1888 av Nikolai Nilsen Vassenden.
Vassenden Hotell
- sjå Nielsens Hotell.
Jølster Hotell
- sjå Nielsens Hotell.

Skei med hotellet og dampbåten Skjold ved kai i 1905. Foto: O. Svanøe. © Fylkesarkivet.
Skei Hotel
vart grunnlagt i 1889 av Tollef Gabrielsson Skrede. Skredeslekta hadde lenge vore skysskaffarar og drive skysstasjonen og vore postopnarar på Skei.
Hotel Stanley
vart bygt i 1890 av Jakob Neumann Hammer. Han eigde den gamle handelsstaden med gjestgiveri i Utvik, og bygde også hotell «Victoria» på Rebakken i Breim.

Lunde Turiststasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Lunde Turiststasjon
vart grunnlagt på 1890-talet av Andreas Lunde, som og dreiv som breførar på ruta Lunde-Fjærland. Turiststasjonen har i dag fem hytter og til saman 40 senger å tilby turistane.
Høiseth Turiststasjon
i Stardalen vart starta kring 1900 av Moses Høiseth.
Høyseth Camping
i Stardalen - sjå Høiseth Turiststasjon.

Skei Servicesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Skei Servicesenter
vart grunnlagt i 1958 av Jorulf Fugle, og sidan 1986 drive av Ola Fugle. Senteret driv bensinstasjon, skysstasjon for rutebilane, kro og campinghytter, og sysselsette i år 2000 på årsbasis sju årsverk.
Øvrebø Hytter og Motell
vart starta på Vassenden i 1960 av Arne Øvrebø. – Sjå Ivar A. Sunde AS for fleire detaljar.
Haugen camping
på garden Haugen sør for Skei vart starta i 1960 av Torleif Haugen i samarbeid med NAF – Norges Automobilforbund.
Jølstraholmen Camping
vart grunnlagt i 1963 av Engel og Leiv Hjelmbrekke.
Solrenning Camping
i Gjesdal ved Vassenden vart starta på 1960-talet av Karl K. Gjesdal.
Jølsterlia Hyttetun AS
i Årdal vart starta i 1992 av ekteparet Ola Dagfinn og Rønnaug Årdal og sonen Finn Årdal. Anlegget har fem utleigehytter.
Stardalen Hyttegrend ANS
på Lyngstad vart starta 1993 av 10 gardbrukarar i Stardalen. Anlegget har 10 hytter og eit servicebygg.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.10.2011