Hopp til innhold
X
Innhald

Planar om jernbane under breen

I dag går hovudvegen aust-vest i Sogn og Fjordane langs Kjøsnesfjorden og  i tunnel under Jostedalsbreen. Det kunne ha vore jernbanetunnel der og, dersom planane hadde blitt realiserte. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag går hovudvegen aust-vest i Sogn og Fjordane langs Kjøsnesfjorden og i tunnel under Jostedalsbreen. Det kunne ha vore jernbanetunnel der og, dersom planane hadde blitt realiserte. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein av dei mange jernbaneplanane som verserte i Sogn og Fjordane tidleg på 1900-talet, var å byggje jernbanetunnel under Jostedalsbréen frå Fjærland til Jølster.

Slutten av 1800-talet og fram til 1920 var jernbana sin gullalder i Noreg: I mangel på skikkelege vegar og berre hestevogner og lette bilar å hjelpe seg med, vart jernbana det einaste transportmiddelet som kunne frakte mykje og tungt gods mellom innland og kyst. På Austlandet førde utbygging av jernbana til sterk økonomisk vekst i innlandsbygdene – ikkje minst der det vart bygd kraftstasjonar og fabrikkar drivne med elektrisk straum.

Vestlandsk stamjernbane gjennom Jølster

I Sogn og Fjordane vart det i desse åra lagt fram planar for ei vestlandsk stamjernbane med ei mengd sidespor ut til kysten og til viktige industristadar innetter fjordane. Den strekninga som sigra til slutt, og vart prioritert nest etter Flåmsbana, var strekninga Vadheim-Sandane. Denne skulle gå via Førde og Jølster etter same line som E39 fylgjer i dag. I Vadheim og på Austrheim i Gloppen vart det planlagt jernbanehamner for ferjene som skulle frakte toga over fjordane i sør og nord.

Framlegg om jernbanetunnel Fjærland-Jølster

I midtre Sogn vart stortingsmann Anders Johannesson Bøyum frå Fjærland ein sterk talsmann for eit midtre alternativ som skulle gå frå Hella til Fjærland og i tunnel under Jostedalsbréen til Jølster. Denne lina vart til og med stukken, men vann ikkje fram i tevling med Vadheim-Sandane. Kort tid etter at fylkestinget hadde prioritert jernbaneutbygginga i fylket, fall interessa for jernbane bort. Grunnen var at ein på 1920-talet fekk betre vegar og langt betre bilar for både gods- og passasjertransport.

For dei distrikta i landet som ikkje hadde fått jernbane, sette Staten av midlar til såkalla ”kompensasjonsvegar”. Ein stor del av desse kompensasjonsmidlane til Sogn og Fjordane gjekk til opprusting av riksvegen frå Vadheim til Sandane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011