Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Jølster

På Skei var det familien Skrede på Skei Hotell som hadde ansvaret for posten. På dette biletet frå 1960-talet ser vi frå venstre postbod Sigurd Ripe, dottera hans Haldis, Jon Skrede og Tollef T. Skrede. Privat foto utlånt av Jon Skrede.

På Skei var det familien Skrede på Skei Hotell som hadde ansvaret for posten. På dette biletet frå 1960-talet ser vi frå venstre postbod Sigurd Ripe, dottera hans Haldis, Jon Skrede og Tollef T. Skrede. Privat foto utlånt av Jon Skrede.

Postvegen og det første postkontoret

Postruta etter Den trondhjemske Postvei vart oppretta i 1785. I åra før og like etter 1800 vart postvegen bygd. I Sunnfjord gjekk postruta frå Dale til Sveen i Bygstad med robåt, og derfrå med postberar eller postryttar gjennom Førde og opp til Jølstravatnet.

Julster i Sundfjord

– sjå Postvegen og det første postkontoret.

Ålhus

– sjå Postvegen og det første postkontoret.

Skei

fekk postopneri i 1875 med gardbrukar og rekneskapsførar Gabriel Jakobsen Skrede som første styrar. Sjølv om adressa var Helgeim, så låg dette kontoret på Skei. I 1907 vart postadressa endra frå Helgeim til Helgheim, og i 1932 vart adressa og poststempelet endra til Skei i Jølster. I 1973 vart kontoret underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Foto: Kjell Arvid Stølen.

Foto: Kjell Arvid Stølen.

Helgeim

– sjå Skei.

Helgheim

– sjå Skei.

Vassenden

fekk postopneri i 1894 med hotelleigar Nikolai Nielsen som første styrar. Adressa var fram til 1975 Vassenden i Jølster. Då vart den endra til berre Vassenden. I 1973 vart kontoret underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Veiteberg

fekk postopneri i 1894 med agronom Thor Hansen Veiteberg som første styrar. Postopneriet i Stardalen vart lagt ned i 1966 og innordna under postopneriet på Klakegg.

Dvergsdalen

fekk postoneri i 1894 med gardbrukar Elling Tollefson Dvergsdal som første styrar. Poststempelet lydde på Dversdalen fram til 1921, då det vart Dvergsdalen. I 1973 vart det underpostkontor, og kontoret vart lagt ned i 1976 og innordna under Skei.

Dversdalen

– sjå Dvergsdalen.

Årdal sett frå Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal sett frå Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal

fekk brevhus i 1900 med poststempel Aardal i Jølster. I 1902 vart det omgjort til postopneri med gardbrukar S. Gunnarson som første styrar. Adressa på postopneriet var Aardal i Søndfjord, frå 1917 Årdal i Søndfjord og frå 1921 Årdal i Jølster. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1990 og innordna under Skei.

Aardal i Søndfjord

– sjå Årdal.

Sandal

fekk brevhus i 1900 og postopneri i 1904 med Emerentse Sandal som første styrar. Adressa var Sandal i Søndfjord fram til 1921 då den vart endra til Sanddal i Jølster. Sandal vart underpostkontor i 1973. Det vart lagt ned i 1974 og innordna under Vassenden.

Sandal i Søndfjord

– sjå Sandal.

Sanddal i Jølster

– sjå Sandal.

Sanddalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sanddalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikås

fekk brevhus i 1906 og postopneri i 1909 med lærar Johannes Rognebakke som første styrar. Fram til 1917 vart postadressa stava Eikaas. I 1973 vart kontoret underpostkontor. Det vart lagt ned året etter og innordna under Vassenden.

Svidal

fekk brevhus i 1909 med adresse Svidal i Jølster. Det vart lagt ned i 1920.

Klakegg

fekk brevhus i 1911 og postopneri i 1921 med Anders E. Klakegg som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Myklebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Myklebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Myklebust

fekk brevhus i 1910 og postopneri i 1915 med lærar Anton Elias Fond som første styrar. I dei fem åra som det var brevhus, var adressa Myklebust i Jølster, men i 1915 vart dette endra til Myklebost i Jølster. I 1973 vart det underpostkontor. Det vart lagt ned i 1974 og innordna under Vassenden.

Myklebost i Jølster

– sjå Myklebust.

Hus

i Jølster fekk brevhus i 1931. Fram til 1933 stod det Huus i Jølster på poststempelet. Brevhuset vart lagt ned i 1978 og innordna under Årdal i Jølster.

Huus i Jølster

– sjå Hus.

Sægrov

fekk brevhus i 1952. Det vart lagt ned i 1976 og innordna under Skei.

På Hus var det brevhus i denne bygningen kloss i E39. Huset vart rive i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Hus var det brevhus i denne bygningen kloss i E39. Huset vart rive i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011