Hopp til innhold
X
Innhald

Postvegen og det første postkontoret

Postvegen mellom Grungen og Førde ved Breimsvatnet på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Postvegen mellom Grungen og Førde ved Breimsvatnet på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Postruta etter Den trondhjemske Postvei vart oppretta i 1785. I åra før og like etter 1800 vart postvegen bygd. I Sunnfjord gjekk postruta frå Dale til Sveen i Bygstad med robåt, og derifrå med postberar eller postryttar gjennom Førde og opp til Jølstravatnet. Der vart posten rodd nord til Skei. Frå Skei vart postsekken frakta til Førde ved sørenden av Breimsvatnet, og så vidare med ny båtskyss til Reed i Breim.

Korrespondansen mellom postberar og postroar gjekk føre seg på Skei og på Ålhus. Det var difor på Ålhus prestegard at det første ”postkontoret” i Jølster kom i 1787. Det var ein oberst Fasting som i 1774 for første gong tok opp spørsmålet om å få eit postkontor i Jølster. Det er første gong omtala i 1808 i ei liste over norske postkontor. Då hadde det adressa ”Julster i Sundfjord”. Kven som stelte med postutdeling på Ålhus dei første åra, er ukjent, men i 1834 er det ein Daae som attesterer timesetlane for postberarane i Jølster. Den første postopnaren som ein kjenner det fulle namnet på, var Anders Emanuel Johanneson Aalhus i 1860.

I 1812 vart postopneriet på Ålhus berre nemnt som Julster, men frå 1816 som Jølster. I 1833 vart postadressa endra til Aalhus, og i 1917 til Ålhus. I 1973 vart kontoret underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1991 og innordna under Vassenden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2009