Rognald Andersson Eikås
Rognald Andersson Eikås (1891–1972) frå Eikås. Anleggsbus, småbrukar og ein av dei fremste venstre-radikale politikarane i Sogn og Fjordane på 1920-talet. Han hadde vore på kraftanlegg i Hardanger, og tok med seg radikale idèar derfrå.
Skipa Aaalhus socialdemokratiske forening
I 1921 skipa Rognald Eikås Aaalhus socialdemokratiske forening med 30 medlemer. Same året vart det skipa eit sosialdemokratisk partilag i Helgheim sokn med like mange medlemer. Dei fleste var veg-og anleggsarbeidarar. Arbeidarpartiet i Jølster delte seg i ei sosialistisk og dei demokratisk fløy ved rikssplittinga i rørsla i 1923.
Stilte liste til stortingsvalet
Saman med kommunistar i Sogn – særleg i arbeidarmiljøet på den nye industristaden Høyanger – stilte Kommunistane eiga liste ved stortingsvalet i 1925. Telegrafist Skjelfjord frå Lærdal toppa lista, Eikås stod på andreplass. Lista fekk 1578 røyster. Kommunistane stilte med berre fire namn på lista ved stortingsvalet i 1928, med Rognald Eikås på topp. Lista fekk 338 røyster. Eikås var medlem av fylkesstyret for kommunistpartiet.
Eikås hadde elles Bendikt Kvammen som partikamerat i heimbygda. Han hadde og vore på anleggsarbeid i sin ungdom og vorte «radikalisert» der.
Laga suvenirar
Då Rognald flytta heim, starta han produksjon av suvenirartiklar saman med resten av familien.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.12.2010