Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Jølster

Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden og vidare via Fjærland til Sogndal har endra heilt på reisemønsteret på tvers i Sogn og Fjordane. Geitene som beitar der om sommaren må finne seg i å dele vegen med langt fleire bilar enn før. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skei i Jølster ligg i dag i ”passarholet” i vegnettet i Sogn og Fjordane med hovudvegar mot nord, sør og aust. Sjølv om Jølster er ein innlandskommune, så har eitt av dei viktigaste sambanda i Sogn og Fjordane - vegen sør-nord på Vestlandet - gått gjennom kommunen i langt over 200 år.

Sjørettar og beiterettar i gamal tid

Frå gamalt av hadde folket i inste Jølstrabygdene sjørettar på Sandane.

Driftevegar

Mellom Jølster og Haukedalen i Sunnfjord og til Vetlefjorden var det ferdsleveg over Vareggi, men det er uvisst om denne vart brukt til fedrifter. Før det kom veg og bruer gjennom Våtedalen i 1889, gjekk den viktigaste driftevegen frå Nordfjord mot Sogn over Hyen til Instedalen i Naustdal, Angedalen i Førde og vidare mot Viken i Viksdalen og over Sværeskaret på Gaularfjellet. Nyevegen gjorde at fédriftene også kunne drivast frå Nordfjord gjennom Våtedalen til Kjøsnes. Der vart dyra rodd over til Sunde, og så gjekk fédrifta på austsida av Jølstravatnet og derifrå over mot Haukedalen og Sogn.

Etter at vegen gjennom Våtedalen kom, gjekk ferda vidare med båt over frå Kjøsnes til Sunde, der Kjøsnesbrua ligg i dag. Derifrå gjekk dyra opp i Dvergsdalsdalen og vidare gjennom Skryklingsdalen til Haukedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle ferdslevegar til Førde

Sjølv om dei inste bygdene i Jølster hadde sjørettane sine og enklaste vegen til sjøen på Sandane, så sokna likevel størsteluten av Jølster mot sjøen i Førde.

Ferdslevegen over Oldeskaret kjem ned til Stardalen via Haugabréen. Foto: Anne-Cecilie Kapstad/Atle Hamar.

Ferdslevegen over Oldeskaret kjem ned til Stardalen via Haugabréen. Foto: Anne-Cecilie Kapstad/Atle Hamar.

Oldeskaret

Frå inste Oldedalen og til Stardalen i Jølster har det frå gamalt av vore ferdsle over Oldeskaret som ligg ca. 1150 moh. Oldeskaret er den kortaste vegen over til Sunnfjord frå indre Nordfjord. I Oldedalen startar fjellstien over Oldeskaret eit stykke nedanfor fjellstova i Briksdalen, og på Jølster-sida kjem den ned i Stardalen på Høgset. Frå 1905 vart det halde årvisse ”Oldeskarstemne” i dette fjellpasset.

Den trondhjemske Postvei i Jølster

Frå Vassenden til Skei var det båtskyss fram til 1822. Frå Skei gjekk postvegen til Førde ved Breimsvatnet.

Den trondhjemske Postvei i Førde. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UiB.

Den trondhjemske Postvei i Førde. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UiB.

Skysstasjonar

I Jølster var det skysstasjonar i Førde ved Breimsvatnet, på Skei og på Vassenden, frå 1822 også på Ålhus. Skysstasjonanane skulle m.a. skaffe for rorskarar for skyssing med robåt på Jølstravatnet.

Køyrevegar i Jølster

Sidan 1859 har det vore samanhengande veg langs nordsida av Jølstravatnet. I dag har Jølster svært stor gjennomgangstrafikk, både på E39 og på Rv5 mot Sogndal.

Dersom vi tenkjer oss vegtrafikken i Sogn og Fjordane som ein sirkel, så er spissen i passaren som lagar sirkelen her i rundkøyringa på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dersom vi tenkjer oss vegtrafikken i Sogn og Fjordane som ein sirkel, så er spissen i passaren som lagar sirkelen her i rundkøyringa på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båtruter på Jølstravatnet

«Skjold» kom i trafikk på Jølstravatnet i 1891. Den fekk konkurranse av dampbåten «Kvikken».

Jølster Kommunale Automobilselskap

Då staten i 1918 lova støtte til lokale vareruter, nytta jølstringane høvet til å skipe sitt eige kommunale bilselskap.

Sønd- og Nordfjord Automobilselskap

- sjå Jølster Kommunale Automobilselskap.

Firda Billag

- sjå Jølster Kommunale Automobilselskap og Firda Billag under Førde kommune.

Ekspressbussar

I dag har Jølster m.a. fleire daglege samband med ekspressbussar til Oslo, Bergen, Trondheim og Ålesund.

Planar om jernbane under breen

Ein av dei mange jernbaneplanane som verserte i Sogn og Fjordane tidleg på 1900-talet, var å byggje jernbanetunnel under Jostedalsbréen frå Fjærland til Jølster.

Glattkøyringsbana i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Glattkøyringsbana i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Glattkøyringsbana i Stardalen

På 1980-talet fekk NAF – Norges Automobilforbund - bygd to glattkøyringsbaner i Sogn og Fjordane; ei i Stardalen i Jølster i 1981 og ei på Kaupangerskogen i Sogndal i 1988. Bana på Kaupangerskogen vart lagd ned i 2004 og aktiviteten samla i Stardalen.

Post i Jølster

Det første postopneriet i Jølster kom på Ålhus i 1787.

Telefon i Jølster

Bygdene langs veglina Førde-Sandane fekk telefon i 1892-93.

Det måtte fire mann til når vegane i Jølster skulle grusast på 1950-talet. Sitjande vegvaktar Johan M. Skrede, karane med spade er Lars L.Klakegg (t.v.) og Leif L. Klakegg. Ukjend fotograf, eigar Harald Hjellbrekke/Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.11.2011