Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Eikås

Tildelt heiderspris frå Rådet for folkemusikk i 1994, Fylkeskulturprisen 2001, og Postens Kulturpris 2007.

Sigmund A. Eikås fødd 1947 frå Eikås. Bonde, spelemann og organisasjonsmann. Fylkesmusikar sidan sidan 1989. Har vunne ei rad førsteprisar på landskappleikar og andre stemne, og er mykje nytta som dommar ved kappleikar.

Tildelt heiderspris frå Rådet for folkemusikk i 1994, Fylkeskulturprisen 2001, og Postens Kulturpris 2007.

Leiar for Indre Sunnfjord Spelemannslag. Styreleiar for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 1992-1995, og seinare til og med 2003. Leiar i Landslaget for Spelemenn i tre år, og utnemnd til æresmedlem i laget i 2002.

Eikås har vore leiar for Landskappleiken to gonger og ein gong for Landsfestivalen i gamaldans.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2009