Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Klakeg landhandel

Krambua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krambua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sigurd Klakeg landhandel på Skei vart grunnlagd i 1882 av Anders Sjurson Klakeg. I 1908 overtok sonen Sigurd Klakeg, og landhandelen har vore drive av same slekta sidan.

I ein kort periode på 1890-talet leigde den kjende forretningsmannen Anders E. Sølvberg lokale hos Klakegg og dreiv handel der.

I dag heiter Klakeggs daglegvarehandel på Skei «Krambua».

I dette huset heldt Klakeg-butikken til fram til dagens forretningsbygg vart reist. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt Klakeg-butikken til fram til dagens forretningsbygg vart reist. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.12.2010