Hopp til innhold
X
Innhald

Skei Hotell

Skei Hotel etter ombygginga i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skei Hotel etter ombygginga i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skei Hotel vart grunnlagt i 1889 av Tollef Gabrielsson Skrede. Skredeslekta hadde lenge vore skysskaffarar og drive skysstasjonen og vore postopnarar på Skei. Hotellet var bygd i sveitsarstil i tre høgder, og hadde 30 senger.

Tollef G. Skrede saman med kona Rakel. Foto: Joh. v.d.Fehr, Bergen.

Tollef G. Skrede saman med kona Rakel. Foto: Joh. v.d.Fehr, Bergen.

Skei Hotel i 1889. Foto utlånt av Jon Skrede.

Skei Hotel i 1889. Foto utlånt av Jon Skrede.

Nokre få år seinare gjekk det konkurrerande Hotell Stanley konkurs. Skrede kjøpte det konkursråka hotellet, reiv det og bygde det opp att som utviding til hotellet sitt på Skei.

Starta dampbåtrute

I 1891 var hotelleigar Skrede med og starta dampbåtruta med D/S ”Skjold” på Jølstravatnet. Hotellet kjøpte sin første bil i 1921. Familien Skrede dreiv også skysstasjon og drosje, og hadde postkontoret på Skei i fleire generasjonar.

Dette biletet av hotellet er teke i 1890. Privat foto utlånt av Jon Skrede.

Dette biletet av hotellet er teke i 1890. Privat foto utlånt av Jon Skrede.

Hotellbrann

Like etter at dei tyske okkupasjonsstyrkane rekvirerte hotellet i 1943, brann heile anlegget ned til grunnen. Tyskarane skulle nytte hotellet som rekonvalesentheim for tyske soldatar, og under ”innviingsfesten” vart det fyrt så kraftig i ein komfyr på kjøkenet at elden tok laust. Etter krigen bygde andre generasjon Skrede, Tollef Tollefson Skrede, nytt hotell med 48 senger. Hotellet vart på nytt brannskadd i 1959, men vart bygt opp att og seinare utvida i fleire etappar, m.a. med konferansesalar, symjebasseng og fritidsavdeling. I år 2001 hadde Skei Hotel 210 gjestesenger, og sysselsette 35 årsverk.

Det triste synet etter at hotellet vart lagt i oske i 1943. Privat foto, utlånt av Jon Skrede.

Det triste synet etter at hotellet vart lagt i oske i 1943. Privat foto, utlånt av Jon Skrede.

Nye eigarar

I 2005 selde Skrede-familien hotellet til dei pengesterke jølstringane Ivar Helgheim, Hallvard Viken og Steinar Dvergsdal. Hotellet vart etter dette utvida for kring 25 millionar kroner, m.a. med ny konferanseavdeling og ein ekstra etasje med 22 nye gjesterom. Det vart ”nyopna” i 2007 med ein samla kapasitet på kring 250 overnattingsgjester. I 2011 kjøpte Ivar Helgheim aksjane til Hallvard Viken og eig etter det nær 70 prosent av aksjane i Skei Hotel AS.

To generasjonar på Skei Hotel i 1958 eller 1959. Frå venstre Jon Skrede, Tollef T. Skrede, kona hans, Maria, og lengst til høgre Gerd, som er gift med Jon. Privat foto utlånt av Jon Skrede.

To generasjonar på Skei Hotel i 1958 eller 1959. Frå venstre Jon Skrede, Tollef T. Skrede, kona hans, Maria, og lengst til høgre Gerd, som er gift med Jon. Privat foto utlånt av Jon Skrede.

Skei Hotel før ombygginga som var ferdig i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skei Hotel før ombygginga som var ferdig i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

To generasjonar Skrede i 2007 i samband med ”nyopninga” av hotellet. I midten Gerd og Jon Skrede, flankert av sonen Tor og dottera Unn. Foto: Bjørn Grov, Firda Tidend.

To generasjonar Skrede i 2007 i samband med ”nyopninga” av hotellet. I midten Gerd og Jon Skrede, flankert av sonen Tor og dottera Unn. Foto: Bjørn Grov, Firda Tidend.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.10.2011